Fra Fakkeltog i Samnanger rapporteres følgende. V. Knut Inge Røen :
"UTVALDE INNLEGG HERIFRÅ HAMNAR NO I RETTEN
Heile saka omkring barnevernsregimet i Samnanger, vert stadig meir absurd. No har barnevernsleiaren vår gått til søksmål mot arbeidsgivaren sin, Samnanger Kommune. På førstkomande tysdag skal dette handsamast i formannskapet.
Barnevernsleiaren fann seg ikkje i at kommunestyret før ferien nekta å betala advokaten som han sjølv hadde hyrt seg for å verja seg mot arbeidsgivaren sin. Forbundet han var medlem av, burde nok ha vore det rette organet til å ta seg av bv-leiaren si sak, men i følgje dokumenta som no ligg ute på kommunen sine sider, så ville ikkje bv-leiaren venta på at forbundet undersøkte saka nærare. Av ein eller annan grunn ønskte han å få advokathjelp på flekken. Utan noko som helst klarering med kommunestyret, sender han freidig (og frekt?) i ettertid rekninga til kommunen.
I saka mot kommunen er også innlegg frå denne facebook-sida og frå Samningen lagde fram som bevis, står det i saksdokumenta. Det er merkeleg. Meiner bv-leiaren at kommunen burde ha knebla ytringsfridomen i bygda? Eller er dette berre garnityr til rettssaka? Vil det i retten vera verknadsfullt å kunna framstilla seg som hata og forfølgt av bygdefolket?
Truleg dreier dette seg meir om å skremma kommunestyret enn om det advokathonoraret bv-leiaren vil ha dekka. Er det kanskje også eit førevarsel om at dei som skal granska barnevernet kan koma til å avdekka ting som ikkje er så bra for bv-leiaren? Då er det forståeleg at han ikkje har tid til å venta på å verta reinvaska av ei gransking, men ønskjer å vera på offensiven før granskinga kjem i gang. Me får tru at kommunestyrerepresentantane er så oppegåande at dei kontant avviser eventuelle ønskje om forlik, og med stort frimod tek den rettssaka som då vil koma. Det er heilt meiningslaust om kommunen skal begynna å betala rekningar for advokathjelp som ein kvar tilsette i kommunen finn på at han/ho treng i relasjonen med arbeidsgivaren sin.!
https://www.samnanger.kommune.no/Filned ... FilId=1040