It is currently Tue Mar 19, 2024 12:25 pm



Forum locked This topic is locked, you cannot edit posts or make further replies.  [ 2 posts ] 
Author Message
 Post subject: Margaret Hennum: Ei spade vert aldri ei sylvskei
PostPosted: Fri Jun 13, 2008 7:04 pm 
Offline
User avatar

Joined: Sun Mar 26, 2006 4:55 pm
Posts: 31
  
Redd Våre Barn
13. juni 2006




Ei spade vert aldri ei sylvskei

Av Margaret Hennum
Brandal



• • •
Artikkelen har tidligere stått på trykk i Vikebladet, rundt desember 2007. Den er gjengitt her med forfatterens velvillige samtykke.
• • •


”Om vi ikkje kallar ei spade ei spade, vert der inga utvikling, inga rørsle”, seier Anna Sharogradskaya frå kontoret sitt i St. Petersburg. I 15 år har ho gjeve journalistar og folkevalde kunnskap om korleis syne seg kritiske til den sitjande makta.

Gorbatjov ga mange von om eit demokratisk Russland som skulle kome, ei omstilling som òg ga von om endring av omgongen med makthavarane. Anna Sharogradskaya vart direktør for Regionalt presseinstitutt i St. Petersburg, og gjekk laus på oppgåva som skulle endre aviser og film.

Ei anna Anna, Anna Politkovskaya, vart drepa i fjor, og fekk same lagnad som omlag 200 andre kritiske journalistar i Russland siste 15 åra. For Russland fekk inga leiing som tolde slike røyster; dei fekk Vladimir Putin. Ifylgje Anna S ein sårbar og korrupt mann, leiar for eit regime som utøver press, trugsmål, utfrysing og drap overfor den kritiske, og gjev trygge, feite posisjonar og stor velstand til den tilpasningsdyktige. På spørsmål om ho ikkje er redd, svarar Anna at det finst verre ting enn å vere redd, nemleg det å vere likesæl eller tilpasse seg.

For få år sidan fekk ein norsk journalist kjennskap til opplysningar som ikkje var meint for ålmenta; lagnaden til ei mengd jødar som vart sende frå Noreg til utryddingsleirane i Tyskland under siste verdskrigen. Dei få som kom heim, hadde ingen heim lenger. Den norske stat hadde selt hus og innbu. Lydige tenestemenn gjekk straks inn i dei forletne heimane med papir og blyant. Ryddige og bodføre byråkratar noterte absolutt alt av lausøyre, og gjorde statskassa rikare. Desse lydige, gav journalisten nemninga kontorbødlar.

Filosofen Hannah Arendt skriv om, med den lydige byråkraten Adolf Eichmann som døme, kva fylgjer lojalitet og lydnad til konforme system kan få når menneske ikkje tenkjer sjølv. Dei låke fylgjene av lojaliteten er ofte banale, og den utførande eit naudsynt reiskap for maktmisbrukaren.

Russland har lita grense til Noreg, landet er større og historia anleis. Men der bur menneske som oss, med dei same reksjonane på lygn: misnøye og sinne, og med dei same reaksjonane på sanning: godhug og glede. I Noreg, nyleg nemnt som det mest korrupte landet i vest-Europa, er maktmisbruken den same ein kjenner frå Russland, men her stoppar ein oftast før drap. Fylgjene av maktmisbruken, kronisk utmatting og anna helseløyse gjev òg ro.

Maktmisbrukarar er ikkje alltid grøne på lèt, og dei har ikkje alltid synlege horn. Dei kan like gjerne framstå som charmante herremenn og ømme familiefedre. Medan spinnesida ofte får spunne rundt seg eit nett av omsut som den sjølvvalde offerrolla deira appelerer til.

Der er ingen balanse i makt, under noko styresett, mellom makthavarar og enkeltindivid. Til å tryggje folkestyret vårt treng vi den 4. statsmakta, som i tillegg til å rydde rom for dei skriveføre, sjølve lyt drive uavhengig, kritisk journalistikk!

For, ”If we do not call a spade a spade, again there is no developmenet, no change.”


  

_________________
Gjesteskribent hos
Redd Våre Barn
http://forum.r-b-v.net/


Report this post
Top
 Profile  
Reply with quote  
 Post subject:
PostPosted: Fri Jun 13, 2008 10:58 pm 
Offline
Site Admin
User avatar

Joined: Sun Feb 05, 2006 7:18 pm
Posts: 7442
Location: Mosjøen, Vefsn kommune på Helgeland.
Usedvanlig mye klokskap på få linjer!

_________________
¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯¯
.
"Vårt" lysebrune-mørkerøde såkalte barnevern stjeler mennesker
> Radikalt forum mot familiedestruksjon: http://forum.r-b-v.net/<


Report this post
Top
 Profile  
Reply with quote  
Display posts from previous:  Sort by  
Forum locked This topic is locked, you cannot edit posts or make further replies.  [ 2 posts ] 

Who is online

Users browsing this forum: No registered users and 0 guests


You cannot post new topics in this forum
You cannot reply to topics in this forum
You cannot edit your posts in this forum
You cannot delete your posts in this forum

Search for:
Jump to:  
cron
Theme designed by stylerbb.net © 2008
Powered by phpBB © 2000, 2002, 2005, 2007 phpBB Group
All times are UTC [ DST ]