Margaret Hennum wrote:
Trykt i Vikebladet i 2005.
Sulla meg litt, du mamma mi.
I h/k nytt 1/2005 (Handel og Kontor sitt medlemsblad) avsluttar LO-sekretær Rita Lekang eit innlegg med: ”det er greit å kjempe for sine opparbeidede rettigheter, men ikke for at man ikke skal fordele et felles gode.” Faneorda hennar er likestilling, rettferd, fordeling, vilje til å gje. Ho skriv om forholdet mellom mann og kvinne, eller rettare om kampen mellom mann og kvinne, og uroar seg over at kvinna skal ta ut for lang barselpermisjon. For lang for barnet? Nei, for lang for arbeidslivet.
Mykje lyt ein melte frå dei kantane om gode grunnar for barselpermisjon, men dette er det verste nokonsinne; blodtrykket skaut i veret som hadde eg langt framskriden svangerskaps- forgiftning. Hovudpersonen, barnet, tek ho hand om ved å spyrje: ” Hva er viktigst, mors-
melk eller amming?” Svaret hennar er gjeve: mor kan då pumpe litt, for ”morsmelk klarer far også relativt lett å gi sitt barn”. Kamp for rettane til barnet? Nei, for rettane til kvinna som make. Ikkje rettane hennar som mor.
Når det nyfødde barnet vert slik sett tilsides i kvinnekampen sitt namn, er det på tide å flytte fokus vekk frå den evigunge jenta sin narsissisme til det spedbarnet treng; omsorg. Spedbarnet er ingenting utan den nære mor si, det er ikkje eingong seg sjølv. Når eg les slikt som LO-sekretæren skriv, slær det meg at kattefamilien i sofaen og høna med kyllingane rundt seg; vare for det minste signal frå mor si om fare, mat og trong til kvild, er svært framståande pattedyr (og eggleggjarar)! Aldri har eg sett Mons eller Hanefar te seg som mødre i barseltida. Er der teikn som tyder på at mennene våre har meir morsinnstinkt enn dei karane? Men farsinstinktet har eg sett; nåde den som trugar ei hønemor med kyllingar,ogso i menneskeverda! Mons er eg meir usikker på. Men det er kanskje fordi eg ikkje er katt.
Eg minnest ein kollega av meg som slo fast, at om ho laut velje mellom mann og born, ja so valde ho no sjølvsagt borna. ”Men veit du kva,” sa ho, ”om mannen min laut velje, so valde han meg! ” Ho var kome i den alderen då ho hadde avfunne seg med tingenes tilstand i ektskapet, gledde seg over dei kroppsdelane som fungerte, og var ikkje stilt på val. Eg var ugift, urøynd, og skjøna lite. Sidan den gong har eg fått både mann og born, og klukkhøner. Og vakna tidleg ein morgon av basketaket mellom den flottaste Vorwerkhøna nedi hagen og ein katt som truga kyllingane hennar. Berre vakre fjøyr låg att etter kampen, og oppi blomebeddet stod 2 pipande kyllingar og trykte.
No er eg sjølv snart i den alderen, og kjenner slektskap med denne kjempande høna vår. Eg skulle so ynskje at kjønnskampen kunne munne ut i ein aksept av kvarandre sitt likeverd, respekt for ulike ansvarsområde, og at kreftene kunne brukast til kamp for å klare fellesskapet.
For valet som kollegaen min nemnde, er nådelaust.
Det ligg att for mykje dun etter kampane allereide.
Margaret Hennum
Brandal
[face=Arial][/face][face=Verdana][/face]
Veldig bra skrevet.