Barnevern. 9. november i haust omtala Sunnmørsposten ei barnevernsak i Ulsteinvik. Avisa hadde intervjua Berit Aarset, forfattaren av boka «Maktovergrep og justismord.» Boka talar for seg sjølv; og historia ho fortel er hjarterå. Men det er òg rått å møte menneskesynet eg anar har bana veg for desse handlingane. Eit menneskesyn som står i sterk motsetnad til det eg har lært skal vere styrande i profesjonell omgang med menneske.
Omsorgsevne. På pultane til sosialhøgskulestudentane ligg ei doktoravhandling av sosionomen Kari Killèn, kalla «Omsorgssvikt og barnemishandling, – ei kasusanalyse», frå 1988. Etter studie av berre 17 born, utvikla ho metodar for å fastsetje omsorgsevna til foreldre. Her tek ho omsyn til m.a. personlegdom, sjølvkjensle, modning, tidlegare kontakt med barnevernet (BV), komplikasjonar i svangerskapet, rusproblem, psykisk helse i fortid og notid. Ho deler ut poeng, og summen av desse skal setje BV-arbeidaren i stand til å vurdere om barnet treng omsorga deira.
LENKE
gå gjerne inn å kommenter