http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/more ... /1.8014196 – Det var tvangsforing. Vi vart lagt i tvangstrøye. Brev vi sende vart konfiskerte. Dei kom aldri fram til mottakaren, viste det seg i ettertid. Vi vart lugga og stengt inne på mørkeloftet. Det var eit skremselsregime, fortel Holte.
Holte fortel at også dei yngste vart utsette for overgrep.
– Nokre blei stengt inn i skap, vart trua med å bli sendt på mørkeloftet, eller «nisseloftet», fordi dei nekta å ta medisinen sin.
INNELÅST: Skapa dei minste borna vart låste inn i står framleis på loftet på Reknes.
Foto: Ole Andre Rekkedal/NRK
– Dei minste barna trua dei spesielt med store sprøyter, og dei hadde på seg nissemasker for å skremme dei, fortel ho.