It is currently Sun Oct 21, 2018 12:35 am



Post new topic Reply to topic  [ 1 post ] 
Author Message
 Post subject: HR-2009-965-A: Plikt for kommune å fremme sak
PostPosted: Wed Jun 24, 2009 1:08 pm 
Offline
Rang: Ivrig bruker

Joined: Fri Aug 31, 2007 10:43 am
Posts: 132
http://www.lovdata.no/hr/hr-2009-00965-a.html

HR-2009-965-A

INSTANS: Noregs Høgsterett - Dom.
DATO: 2009-05-06
DOKNR/PUBLISERT: HR-2009-965-A
STIKKORD: Domstolenes kompetanse. Forvaltningsrett. Tvistelova § 29-20, § 36-5. Barnelova § 8. Barnevernlova § 7-10.
SAMMENDRAG: Saka gjeld spørsmål om oppheving av lagmannsrettens dom med grunnlag i at lagmannsretten har gått ut over påstanden og har handla i strid med krav til kontradiksjon. Saka reiser også spørsmål om plikt for ein kommune til å fremje sak for fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker i eit tilfelle det er sett fram krav om tilbakeføring av omsorg, og om domstolane eventuelt kan gi dom for slik plikt. (Samandrag er utdrag frå dommen).
Henvisninger: lov-1981-04-08-7-§8 (Barnelov § 8), lov-1992-07-17-100-§7-10 (Bvl § 7-10). lov-2005-06-17-90-§29-20 (Tvistelov § 29-20). lov-2005-06-17-90-§36-5 (Tvistelov § 36-5).

SAKSGANG: Agder lagmannsrett LA-2008-117461 - Høgsterett HR-2009-965-A, (sak nr. 2009/46), sivil sak, anke over dom.
PARTER: X kommune (advokat Knut H. Strømme - til prøve) mot A (advokat Christian B. Hjort).
FORFATTER: Utgård, Stang Lund, Skoghøy, Indreberg, Lund.

Henvisninger i teksten: lov-1976-12-17-100-§3 (Forsinkelsesrentelov § 3), lov-1980-06-13-35-§18 (Rettshjelplov § 18), lov-1981-04-08-7-§4 (Barnelov § 4), lov-1981-04-08-7-§6 (Barnelov § 6), lov-1981-04-08-7-§7 (Barnelov § 7), lov-1992-07-17-100-§2-3 (Bvl § 2-3), lov-1992-07-17-100-§4-21 (Bvl § 4-21), lov-1992-07-17-100-§4-6 (Bvl § 4-6), lov-1999-05-21-30-§2 (Menneskerettslov § 2), lov-1999-05-21-30-§3 (Menneskerettslov § 3), lov-1999-05-21-30-bk (Menneskerettslov BK), lov-1999-05-21-30-emkn-a13 (Menneskerettslov EMKN A13), lov-1999-05-21-30-emkn-a6 (Menneskerettslov EMKN A6), lov-1999-05-21-30-emkn-a8 (Menneskerettslov EMKN A8), lov-2005-06-17-90-§11-4 (Tvistelov § 11-4), lov-2005-06-17-90-§20-12 (Tvistelov § 20-12), lov-2005-06-17-90-§20-2 (Tvistelov § 20-2), lov-2005-06-17-90-§29-4 (Tvistelov § 29-4), lov-2005-06-17-90-§36-8 (Tvistelov § 36-8)


--------------------------------------------------------------------------------












(1)
Dommar Utgård: Saka gjeld spørsmål om oppheving av lagmannsrettens dom med grunnlag i at lagmannsretten har gått ut over påstanden og har handla i strid med krav til kontradiksjon. Saka reiser også spørsmål om plikt for ein kommune til å fremje sak for fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker i eit tilfelle det er sett fram krav om tilbakeføring av omsorg, og om domstolane eventuelt kan gi dom for slik plikt.


(2)
X kommune ved barneverntenesta gjorde i august 2007 hastevedtak om å plassere B, fødd *.*.2003, utanfor heimen, jf. barnevernlova § 4-6 andre ledd. Mor til jenta er C.


(3)
Kommunen fremja 4. oktober 2007 sak for fylkesnemnda med forslag om omsorgsovertaking for B. Mor gav tilsvar 17. oktober, der ho opplyste at A hadde fått overført den daglege omsorga for B, samtidig som ho la ved ei erklæring der han vedkjende seg farskapen. Kommunen vart samstundes oppmoda om å trekkje saka frå fylkesnemnda.


(4)
Kommunen bad etter dette om at det vart teke ein DNA-test. I brev av 21. november 2007 uttala Rettsmedisinsk institutt ved Universitetet i Oslo at DNA-analysen av dei mottekne prøvene gjorde at A sin farskap « er å anse som utelukket ».


(5)
Fylkesnemnda behandla 12. og 13. desember 2007 forslaget frå barneverntenesta om tiltak i saka med mor som part, og gjorde 20. desember vedtak om at barneverntenesta i X kommune skulle overta omsorga for B. Det vart også gjort vedtak om at ho skulle plasserast i fosterheim og om samvær for mora.


(6)
A hadde tidlegare fånyttes prøvd å få registrert farskapen, men hadde ikkje gått fram i samsvar med regelverket. Registrering skjedde 18. desember 2007 då A personleg møtte fram hos folkeregisteret.


(7)
Etter at han såleis var registrert som far, sette han 7. januar 2008 fram krav til barneverntenesta om omgjering av omsorgsovertakinga for B. X kommune sende 14. mars 2008 eit brev, kalla vedtak, der det vart uttala at farskapsregistreringa etter barneverntenesta si oppfatning var lovstridig. Kommunen ville derfor ikkje fremje sak for fylkesnemnda om tilbakeføring av B til A, slik han hadde sett fram krav om. Det vart opplyst at vedtaket kunne påklagast til fylkesmannen.


(8)
A sende 1. april 2008 brev til kommunen med varsel om at det ville bli reist fastsetjingssøksmål for at han hadde rett til at det vart fremja sak for fylkesnemnda. Han bad samstundes om at kommunen revurderte standpunktet sitt.


(9)
Fylkesmannen uttala i brev 22. april 2008 at det er fylkesnemnda som skal avgjere kven som skal reknast som part, og at fylkesmannen ikkje kunne behandle saka som klagesak. Men fylkesmannen har etter barnevernlova § 2-3 heimel for å føre tilsyn med barneverntenesta i kommunane. Kommunen vart med grunnlag i dette oppmoda om å førebu og sende saka over til fylkesnemnda ut frå kravet frå A.


(10)
Då kommunen ikkje fremja saka for fylkesnemnda, reiste A 13. mai 2008 sak mot kommunen med påstand i punkt 1 om at han hadde rett til den daglege omsorga for B og i punkt 2 om at kommunen hadde plikt til straks å fremje sak om den daglege omsorga for fylkesnemnda. Kommunen gav tilsvar og påsto prinsipalt avvising og subsidiært frifinning.


(11)
Nordre Vestfold tingrett gav orskurd 17. juni 2008 med slik slutning: « 1. Sak nr. 08-072709TVI-NOVE, avvises.
2. X kommune tilkjennes saksomkostninger med kr 10 000 med tillegg av lovens forsinkelsesrente, fra forfall til betaling skjer. »



(12)
Om kommunens plikt til å fremje sak for fylkesnemnda står det i orskurden: « Det er bare kommunen som kan reise sak for fylkesnemnda. Retten kan følgelig heller ikke pålegge kommunen å reise sak.
Retten har ikke domsmyndighet, og søksmålet blir å avvise. »



(13)
A anka til Agder lagmannsrett, som sa dom - urett gitt nemninga orskurd - 7. november 2008 med slik domsslutning: « 1. Anken forkastes når det gjelder påstand nr. 1 for tingretten.
2. X kommune v/ barneverntjenesten plikter å forberede og sende sak om omsorgen for B til fylkesnemnda for sosiale saker i Buskerud og Vestfold snarest mulig.
3. Saksomkostninger tilkjennes ikke. »



(14)
Lagmannsretten la til grunn at når fristane etter barnevernlova § 7-10 andre ledd er ute, har kommunen i utgangspunktet ei rettsleg plikt til å fremje ei sak, når den private parten har kravd endring i eit tidlegare vedtak. Det vart vist til at fylkesnemnda - som hadde sendt eit brev til kommunen 10. oktober 2008 - og fylkesmannen også var komne til at kommunen hadde ei slik plikt til å fremje ei omgjeringssak for å avklare kven som skal ha den daglege omsorga. Såleis la lagmannsretten til grunn at tingretten i utgangspunktet skulle ha fremja sak i samsvar med påstanden frå A på dette punktet.


(15)
Fleirtalet i lagmannsretten kom til at retten ikkje som del i prøvinga kunne ta stilling til farskapen til B, i det kommunen eventuelt må gå fram etter reglane i barnelova § 6 for å få ein prøving av farskapen. Mindretalet kom til at denne spesielle situasjonen fell utanom det som blir regulert i barnelova § 8, og at det ut frå kjende fakta i saka kan leggjast til grunn at A ikkje er far til B.


(16)
Kommunen anka til Høgsterett. Ankeutvalet tillet fremja anken over lagmannsrettsdommen, slutninga punkt 2 og ankefråsegna II. Anken elles vart ikkje tillaten fremja. Eg kjem attende til omfanget av anken når eg går gjennom partssynsmåtane.


(17)
Elles nemner eg at B ved oppnemnd verje 7. januar 2009 har reist sak mot A med påstand om at han ikkje er far.


(18)
Ankeparten, X kommune, har særleg halde fram:


(19)
Det ligg føre saksbehandlingsfeil hos lagmannsretten, ved at lagmannsretten gjekk utanfor det kravet A hadde gjort gjeldande i anken. Ankedomstolen kan etter tvistelova § 29-20 første ledd berre prøve dei krava som er anka. Tingretten hadde ved si avgjerd avvist kravet etter påstanden punkt 2, og det var berre anka over at denne avvisinga var feil og sett fram påstand om at saka skulle fremjast. Når det berre var anka over saksbehandlinga, kunne lagmannsretten ikkje prøve realiteten i saka.


(20)
Dersom det likevel skulle vere slik at lagmannsretten hadde høve til å seie dom for realiteten, ligg det likevel føre saksbehandlingsfeil. Spørsmålet var ikkje gjort til tema under saksførebuinga, og lagmannsretten hadde også plikt til å syte for at bevisføringa gav eit forsvarleg avgjerdsgrunnlag. Dessutan skulle saka vore behandla ved munnleg forhandling med beinveges bevisføring og forhandling.


(21)
Når lagmannsretten såleis gjekk utanfor anken og også elles gjorde vesentlege saksbehandlingsfeil, må dette føre til at lagmannsrettsdommen blir oppheva. Grunnleggjande krav til saksbehandlinga var såleis ikkje oppfylte.


(22)
X kommune v/ barneverntenesta har sett fram slik påstand: « 1. Agder lagmannsretts dom avsagt 07.11.2008 i sak nr. 08->117461ASK-ALAG oppheves.
2. A dømmes til å betale til X kommune sakens omkostninger for tingretten, lagmannsretten og Høyesterett. »



(23)
Ankemotparten, A, har særleg halde fram:


(24)
Kommunen har hatt plikt til å fremje saka sidan januar 2008, som var då kravet vart sett fram etter at han var registrert som far. Grunnane bak tvistelova § 29-20 gjer seg ikkje gjeldande ved avvisingsavgjerder, og regelen kan heller ikkje vere utan unntak. Særleg vil det vere tilfelle ved indispositive saker, og det er i realiteten dei same omsyna som gjer seg gjeldande i saka no som i saker etter tvistelova kapittel 36.


(25)
Lagmannsretten har handla innanfor kompetansen sin etter analogisk bruk av tvistelova § 36-5 tolka i samanheng med barnekonvensjonen og Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 6 nr. 1.


(26)
Omsyna til kontradiksjon og saksopplysning er vareteke gjennom utveksling av grundige prosesskriv, ikkje minst for tingretten. Saka gjeld også i hovudsak rettslege spørsmål.


(27)
A har sett fram slik påstand: « 1. Anken forkastes.
2. X kommune erstatter As kostnader i saken i henhold til omkostningsoppgave dersom A ikke tilkjennes omkostninger fra staten i medhold av tvisteloven § 36-8 eller rettshjelploven § 18. I tillegg kreves lovens forsinkelsesrente, jf. forsinkelsesrenteloven § 3, fra forfall til betaling skjer.
Subsidiært, for det tilfellet at anken fører frem
1. Staten erstatter As kostnader i saken jf. tvisteloven § 20-12 (1) b. »



(28)
Eg går så over til å gjere greie for mitt syn på saka, og startar med å sjå på dei underliggjande spørsmåla. Det første av desse er om barneverntenesta i X kommune hadde plikt til å fremje sak for fylkesnemnda om avgjerd av omsorgsspørsmålet ut frå kravet frå A. Det andre er om tingretten i tilfelle skulle gitt dom for slik plikt.


(29)
Etter å ha vorte registrert som far til B sende A 7. januar 2008 krav til barneverntenesta om endring av tidlegare vedtak, jf. barnevernlova § 4-21. Han ønskte som far å få omsorga for B. Kommunen gjorde 14. mars 2008 vedtak om ikkje å fremje sak for fylkesnemnda då kommunen meinte A ikkje hadde partsrettar i saka. Men spørsmålet om vedtaking av farskap kan ikkje prøvast prejudisielt. Eg viser her til barnelova § 8 første punktum, der det går fram at domstolar eller styringsorgan ikkje kan prøve farskap i andre saker enn dei som går fram av barnelova § 6 og § 7. Når A ønskte å overta omsorga for B, plikta kommunen då å førebu og å fremje sak for fylkesnemnda.


(30)
Spørsmålet er så om tingretten skulle ha gitt dom der kommunen vart pålagt å fremje saka for fylkesnemnda.


(31)
Seinast i avgjerda i Rt-2009-170 drøfta Høgsterett spørsmålet om domstolane kan gi dom for det underliggjande kravet i ei forvaltningssak. Det vart gitt tilslutning til oppsummeringa i Rt-2001-995 som hadde slik ordlyd: « Etter min mening er det ikke grunnlag i tradisjonell norsk rett for en generell regel om at domstolene ved lovbundne forvaltningsvedtak kan gi dom for realiteten. Jeg vil ikke utelukke at domstolene bør ha adgang til å gi realitetsdom i særlige tilfeller, for eksempel der noe annet vil være unødig formalisme eller hvis et forvaltningsorgan mot formodning ikke innretter seg lojalt etter en domstolsavgjørelse. Men den klare hovedregelen er den motsatte: domstolenes kontroll med forvaltningen er innskrenket til en legalitetskontroll. Dom på positivt vedtak krever særskilt hjemmel ... . »



(32)
Som lagt til grunn i desse to avgjerdene bør det, sjølv ved lovbundne vedtak, berre kome på tale å gi realitetsdom i særtilfelle. Som framheva i Rt-2009-170 avsnitt 52 må det i utgangspunktet vere opp til lovgivar å fastsetje avvik i den etablerte, vanlege arbeidsfordelinga mellom domstolar og forvaltning.


(33)
I det siterte frå 2001-avgjerda er det gitt to døme på situasjonar der det kan tenkjast avvik, nemleg der noko anna ville vere unødig formalisme og der eit forvaltningsorgan ikkje innrettar seg lojalt etter ei domstolsavgjerd.


(34)
I den velkjende Mortvedtdommen i Rt-1951-19 kom Høgsterett til at nekting av å gi drosjeløyve grunna at søkjarane hadde vore passive NS-medlemmer under den andre verdskrigen var « så urimelig og så stridende mot alminnelig samfunnsoppfatning » at vedtaket vart kjent ugyldig. Høgsterett - eit fleirtal på tre dommarar - påla dessutan departementet å skrive ut drosjeløyve. Eg siterer frå fleirtalsvotumet: « Når Høyesterett har funnet at denne grunn for nektelse av fortsatt bevilling ikke var holdbar, og det etter opplysningene i saken er utelukket at andre hensyn kan gjøres gjeldende mot at drosjeeierne får igjen sine bevillinger, blir det ikke spørsmål om utøvelse av noe administrativt skjønn. Ved å gi administrasjonen påbud om utstedelse av bevillingene hindrer Høyesterett at saken unødig behandles på ny av de forskjellige myndigheter, som etter den konstaterte ugyldighet i det foreliggende tilfelle ikke ville hatt annet å gjøre enn å omgjøre sine tidligere avgjørelser. »



(35)
Eit nyare tilfelle av ein heilt anna karakter vart avgjort ved dommen i Rt-2000-452. Spørsmålet var kva tidspunkt ei konsesjonsavgift skulle svarast frå etter tilbakekjøp av eit heimfalle kraftverk. Når dette tidspunktet først var fastlagt, var det ukomplisert å gi dom for kva tidspunkt avgifta skulle svarast frå, jf. følgjande sitat: « Siden spørsmålet om fra hvilket tidspunkt konsesjonsavgiften skal inntre, ikke beror på konsesjonsmyndighetens skjønn, men må avgjøres på grunnlag av en tolking av loven, må Høyesterett kunne avsi dom for fra hvilket tidspunkt den nye konsesjonsavgiften skal begynne å løpe. »



(36)
Som det har gått fram av det eg her har gått gjennom, er vilkåra for å gi dom for nærare fastsett innhald i forvaltningsvedtak strenge, og det er få døme i praksis på at dette har vore gjort. Etter mitt syn står vi likevel i vår sak overfor eit tilfelle der tingretten skulle ha gitt dom for at kommunen plikta å fremje sak for nemnda.


(37)
For det første er det ei enkel og oversiktleg sak. Når A hadde vedgått farskapen i samsvar med reglane i barnelova § 4, skulle han i alle samanhengar reknast som far, jf. barnelova § 8. Og då skulle eit krav frå han om vurdering av endring av tidlegare vedtak i fylkesnemnda, av barneverntenesta i kommunen utan vidare vurdering vore sendt fylkesnemnda innan fastsett frist, jf. barnevernlova § 7-10 andre ledd.


(38)
For det andre kjem det inn at barneverntenesta i X alt før behandlinga i tingretten hadde nekta å rette seg etter rettleiing frå fylkesmannen, jf. brevet av 22. april 2008 som eg har omtala tidlegare.


(39)
For det tredje kjem at dette er saker som etter sin art er prioriterte og der tidsmomentet må tilleggjast stor vekt. Det kan her visast til situasjonen der tingretten i samsvar med tvistelova kapittel 36 overprøver avgjerd i barnevernsak i fylkesnemnda. Etter tvistelova § 36-5 er tidsfaktoren viktig ved behandlinga av slike saker. Det same må naturlegvis også gjelde utanfor området for tvistelova - på tidlegare tidspunkt.


(40)
Likskapen - i saker som elles er særs ulike - mellom vår sak og Mortvedtsaka går på at det i begge tilfelle var standpunktet til eitt spørsmål som var avgjerande, og der forvaltninga hadde bygd på eit uhaldbart standpunkt. Tidsmomentet kom også sterkt inn. I vår sak utgjer det, som det gjorde i Mortvedtsaka, berre eit reint tidstap dersom saka må behandlast på ny av forvaltninga, med gitt resultat. Når spørsmålet er om A som far har krav på stilling som part i sak for fylkesnemnda, er det ikkje meir kommunen treng å ta stilling til. Resten følgjer av lova. I så måte er det ein parallell til konsesjonssaka som eg har omtala, der det var ein rein formalitet å fastsetje tidspunktet for start på plikta til å betale konsesjonsavgift, når den underliggjande tvisten i saka var løyst.


(41)
I 2001-avgjerda var det som døme vist til illojalitet ved oppfyllinga. Det kjem i vår sak inn eit element av illojalitet ved at barneverntenesta i kommunen ikkje retta seg etter rettleiinga frå fylkesmannen - etter tingrettsdommen også frå fylkesnemnda.


(42)
Som eg sa tidlegare, er det her tale om underliggjande spørsmål, som likevel er viktige når eg no skal sjå på spørsmålet om lagmannsretten hadde kompetanse til å behandle realiteten i saka. Det er ikkje tvilsamt at tingretten avviste søksmålet. Eg viser her til avgjerdsgrunnar og slutning, som eg har sitert tidlegare.


(43)
Etter tvistelova § 29-4 første ledd kan ein anke gjelde krav som er avgjort ved den avgjerda som blir anka. Slik var også anken frå A utforma. Det var avvisingsorskurden som vart påanka med påstand om at saka skulle fremjast, og anken retta seg mot at det ikkje var rettsleg grunnlag for å avvise anken og mot at avvisingsorskurden var mangelfullt grunngitt. Det var også visse innvendingar mot det faktum tingretten hadde lagt til grunn.


(44)
Ankedomstolen kan etter tvistlova § 29-20 første ledd første punktum berre prøve dei krav som er anka. Dette gjeld også for saker der partsrådveldet er avgrensa, jf. tvistelova § 11-4 siste punktum.


(45)
Det må vere tilstrekkeleg her å vise til at tingrettens avgjerd sette ei ramme for kva som kunne ankast til lagmannsretten. Når tingretten valde avvising, var det denne avgjerda som kunne ankast til lagmannsretten. Lagmannsretten kunne i alle fall i utgangspunktet då ikkje prøve realiteten. Eg går då over til å sjå på om utgangspunktet er absolutt eller om det må modifiserast.


(46)
Som før nemnt har saka no ein viss slektskap med saker etter tvistelova kapittel 36, i den meining at ei eventuell sak om omsorg ville kunne førast inn for tingretten til prøving etter dette kapitlet. I barnevernsaker vil retten kunne ta stilling til spørsmål som har vore avgjorde av fylkesnemnda, men som ikkje er førte inn for retten, jf. Schei mfl., Tvisteloven, band I, 2007, side 522. Føresetnaden er då at det grunnleggjande omsynet til kontradiksjon er vareteke, jf. Rt-2003-1319. Foreldra hadde i den saka ført inn for retten spørsmålet om omsorg og om samværsrett, noko kommunen ikkje hadde gjort for spørsmålet om tilbakeføring av foreldreansvaret til foreldra. Høgsterett fann at tingretten ut frå endra situasjon likevel måtte kunne revurdere avgjerda om foreldreansvar, for å spare barnet for endå ei barnevernsak med nye rundar i fylkesnemnd og eventuelt i domstolane.


(47)
Lagmannsretten tok i vår sak stilling til realiteten, i ein situasjon der tingretten hadde avvist saka og der anken retta seg mot avvisinga. Spørsmålet er altså om det kan vere unntak frå utgangspunkta om kompetansen ved ankeprøving som eg nett omtala. Kommunen hadde for tingretten argumentert utførleg for sitt syn, og omsynet til kontradiksjon er då vareteke. Og i tilsvaret til lagmannsretten kommenterte kommunen tingrettens faktiske grunnlag, og uttala då at « [ k ]ontradiksjon mv er tilstrekkelig ivaretatt ». Som følgje av at det relevante faktumet er nokså avgrensa og også klart dokumentert, kan eg ikkje sjå anna enn at både omsynet til opplysning av saka og omsynet til kontradiksjon vart varetekne ved den behandlinga saka fekk i lagmannsretten. Likevel; eg kan vanskeleg sjå at det ut frå ei isolert vurdering av reglane i tvistelova er grunnlag for så vidtgåande modifikasjonar som det ville innebere å godta lagmannsrettens behandling av realiteten her.


(48)
Frå A er det halde fram at behandlinga av saka er i strid med barnekonvensjonen og Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 6 nr. 1. Begge konvensjonane er norsk lov og går i tilfelle motstrid føre anna lov, jf. menneskerettslova § 2 og § 3.


(49)
I dom 19. februar 1998 Paulsen-Medalen og Svensson mot Sverige ( EMD-1990-16817) uttala Den europeiske menneskerettsdomstolen i premiss 39: « According to the Court's case-law, the reasonableness of the length of proceedings is to be assessed, in particular, in the light of the complexity of the case and the conduct of the applicant and that of the relevant authorities. In cases concerning restrictions on access between a parent and a child taken into public care, the nature of the interests at stake for the applicant and the serious and irreversible consequences which the taking into care may have on his or her enjoyment of the right to respect for family life require the authorities to act with exceptional diligence in ensuring progress of the proceedings (...). »



(50)
Også barnekonvensjonen og Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 8 vil kunne innebere krav til behandlinga. Spesielt vil det kunne kome inn ved at det blir stilt krav til behandlingsmåte og saksbehandlingstid i det offentlege styringsverket, og ikkje berre til det som gjeld domstolane.


(51)
A fremja i januar 2008 krav om å få behandla endringssak for fylkesnemnda. Dersom saka no skulle ende med oppheving av lagmannsrettens dom, og eventuelt også tingrettens orskurd, vil det ha gått meir enn eitt år og fire månader utan at A har kome nærare det å få prøvd saka for fylkesnemnda.


(52)
Grunnen til denne tidsbruken er at barneverntenesta ikkje har oppfylt si plikt til å fremje saka for fylkesnemnda. Eg har alt vist til brevet av 22. april 2008 der fylkesmannen påpeika plikta til å gjere dette og nemnt brev 10. oktober 2008 frå fylkesnemnda. I dette siste vart uttala at kommunen « er forpliktet til å fremme privat parts krav overfor fylkesnemnda » og « [ k ]ommunen må snarest fremme forslag i sakens anledning ». Fylkesmannen tok også på ny opp saka, og uttala i brev 15. oktober 2008: « Fylkesmannen vil påpeke at X kommune har plikt til å forberede omsorgssaken for nemnda, og da eventuelt redegjøre for hvem de anser som sakens parter. »



(53)
Desse to siste breva kom før saka vart avgjort av lagmannsretten. Det er vanskeleg å forstå at barneverntenesta også etter desse påpeikingane let vere å fremje sak, men i staden valde å prosedere saka vidare.


(54)
Etter mi meining har behandlinga vore konvensjonsstridig. I denne situasjonen er det lite ønskjeleg å sende saka ut på nye rundar, jf. til samanlikning argumentasjonen i Rt-2003-1319. Vel er det slik at lagmannsrettens behandling ikkje var i samsvar med reglane om kva ankedomstolen kan behandle, men det er samtidig slik at det ikkje kan rettast innvendingar mot opplysninga av saka eller mot oppfyllinga av kravet om kontradiksjon. Det underliggjande spørsmålet - om A som registrert far hadde rett til å krevje at barneverntenesta fremja sak for fylkesnemnda - har også ei klar løysing. Etter mitt syn må det i denne situasjonen vere grunnlag for at lagmannsrettens dom blir ståande, som eit botemiddel mot konvensjonskrenkinga, jf. Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 13.


(55)
Etter dette meiner eg at anken bør forkastast.


(56)
A bør tilkjennast sakskostnader for Høgsterett, jf. tvistelova § 20-2 første ledd. Kravet er på 128 500 kroner medrekna meirverdiavgift, som alt er salær. Sakskostnadene bør fastsetjast i samsvar med oppgåva.


(57)
Eg røystar etter dette for slik dom: 1. Anken blir forkasta.
2. I sakskostnader for Høgsterett betaler X kommune til A 128 500 - eitthundreogtjueåttetusenfemhundre - kroner innan 2 - to - veker frå forkynninga av denne dommen.



(58)
Dommer Stang Lund: Jeg er i det vesentlige og i resultatet enig med førstvoterende.


(59)
Dommer Skoghøy: Likeså.


(60)
Dommer Indreberg: Likeså.


(61)
Dommer Lund: Likeså.


(62)
Etter røystinga sa Høgsterett slik


dom:



1. Anken blir forkasta.
2. I sakskostnader for Høgsterett betaler X kommune til A 128 500 - eitthundreogtjueåttetusenfemhundre - kroner innan 2 - to - veker frå forkynninga av denne dommen.


Top
 Profile  
 
Display posts from previous:  Sort by  
Post new topic Reply to topic  [ 1 post ] 

Who is online

Users browsing this forum: No registered users and 2 guests


You cannot post new topics in this forum
You cannot reply to topics in this forum
You cannot edit your posts in this forum
You cannot delete your posts in this forum

Search for:
Jump to:  
cron
Theme designed by stylerbb.net © 2008
Powered by phpBB © 2000, 2002, 2005, 2007 phpBB Group
All times are UTC [ DST ]